Aleksander Takle - Are Kalvø


Aleksander Takle

Vår eigen lottomillionær.

Født 1969. Adjunkt. Aleksander har arbeidd i skuleverket i ti år.
Lottomillionærar for Afrika starta då Aleksander vann 1,3 millionar i Lotto og bestemte seg for å bruke desse pengane til noko fornuftig.

Aleksanders favorittlenker:
  • Bob Geldof
  • Live Aid
  • The jesus and Mary chain
  • Redd Barna
  • Are Kalvø
  • Statistisk Sentralbyrå

    Her kan du lese korleis han opplevde å vere lottomillionær i Afrika:

    - Korleis opplevde eg det å vere lottomillionær i Afrika? Det går nesten ikkje an å skildre det. Ikkje utan å ty til klisjear. Klisjeen om alt det elendige, om dansing og glede midt i fattigdommen, om det å ha lite men likevel dele med andre.

    - Det er det same kva eg seier. Du har høyrt det før. Det er det same korleis eg prøver å skildre det. Eg ender alltid med å likne på TV-aksjonen, eller på den kvalmt påtatt verdsvante, eller den sjølvrettferdige, eller den nyfrelste som går på trommekurs, liker all utanlandsk mat og held med Senegal i fotball-VM av prinsipp.

    - Så det går nesten ikkje an å skildre det. La meg i staden seie noko om korleis det kjennest. Etterpå. Are Kalvø skildrar kjensla i "Nød", boka om oss.