Store pengar til Redd Barna - Are Kalvø

Store pengar til Redd Barna

Lottomillionærar for Afrika begynner å bere frukter. Takka vere dykk.

Det er gledelig å sjå at innsatsen til Lottomillionærar for Afrika nyttar.

Mange av dykk, dei fleste ikkje lottomillionærar, har tatt kontakt og gitt uttrykk for at boka om oss ("Nød" av Are Kalvø) har inspirert dykk til gode handlingar og gode donasjonar. Det liker vi.

Svært mange av dykk, fleire enn vi hadde trudd, har også kjøpt boka, og på den måten støtta eit svært godt formål. Alle forfattarinntektene frå boka blir gitt til Redd Barna, og det ser ut til at denne summen kjem til å passere millionen.

Tusen takk!